- Hardanger Spelemannslag
Tevlinga er lagt opp som ein ordinær kappleik med standard klasseinndeling og ein eigen uformell "Sjokoladekappleik" for rekruttane under 12 år.
På kvelden vert det spelt opp til dans ut til dei små timar. Det vert sal av mat og drikke heile dagen.
Det er Hardanger Spelemannslag som er arrangør og alt føregår i Trudvang, ungdomshuset i Granvin.
Les meir under Hordamønstringa 2017 for informasjon om påmelding, prisar, osv.
VEDLAGT PLAKAT med informasjon her.
Fredag 9. september spelar spelemannslaget til dans i Gimle i Kong Oscarsgate, Bergen
Ta deg ein tur til Gimle på fredag 9.9 kl. 19.30 og trø dansen til prima dansemusikk frå Hardanger. Laget stiller med ei lang rekkje av sine beste spelemenn og -kvinner. Då får du høyra både "Fjellblomen" og "Jonsokdagen" framført med snert og stil.
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Hardanger Spelemannslag
laurdag 5. mars 2016 kl. 16.00 på Jaunsen Gjestgjevarstad, Granvin.
Vel møtt til eit gjevande årsmøte. Sakspapir til årsmøtet finn du her: Årsmøte 2016
Etter veldig fine songkveldar i haust og god påmelding så vert det nytt kvedarkurs i vår.
Berit Opheim kjem til bygdatunet i Granvin fire kveldar for å syngje med oss. Berit er kjend for dei fleste, men me kan nemne at ho er ein av landet sine fremste kvedarar og ein utruleg flink og grei songlærar!
Velkomne skal de vera!
Hardanger Spelemannslag ber inn til gratiskonsert for alle folkemusikkinteresserte på Krossvoll, Lofthus laurdag 7.november kl 19.00.
Dei som finn vegen til Krossvoll denne kvelden vil både få høyre om "spelemennene på Stronde" og høyre slåttar etter dei. Og, etterpå vert det dans...
Vel møtt til ein triveleg kveld på Lofthus
Kursstad er Opedal skule og «malen» på kursa er mykje det same som før, med unnatak av dans. Der satsar me ikkje på direkte kurs, men ei samling for danseglade i alle aldrar som vil friske opp att kunnskapane sine i både runddans, bygdedans og turdans.For spele- og song glade vert det kurs på «gamle-måten» med desse som lærarar:
Hardingfele: Siri Dyvik, Johanna Mjeldheim, Erik Mjelde og Arne Jordan
Toradar: Ole Gjerde
Song: Solbjørg Tveiten
Kursa startar klokka 10 og varar fram til om lag klokka 16.00 inklusive ein god lunsjpause med Kari-Margrethe sin «berømte» taco-suppe og er ved dette høvet gratis for alle som er medlemar i laget – og andre som får høve til å verta medlemar.
Etter kursa vil det verta ei matøkt for dei som ynskjer å vera med på konsert/dans på Krossvoll om kvelden. Vonar difor på at du anten står på scenen eller sit i salen under konserten som startar kl. 19.00. Og - alt er framleis gratis!
Vel møtt til inspirasjonslaurdag på Lofthus
Likar du å syngje? Har du lyst til å læra litt meir? Då er Holvenstova staden å vera i haust. Me er så heldige at Berit Opheim kjem til Granvin tre kveldar for å syngje med oss. Berit er kjend for dei fleste, men me kan nemne at ho er ein av landet sine fremste kvedarar og ein utruleg flink og grei songlærar!
Velkomne skal de vera!
Onsdag 22.juli kjem Sommarbåten til Ulvik og i samband med dette vert det høve til å sjå spreke dansarar frå Hardanger i lag med ein staut spelemann frå Voss.
Hardanger Spelemannslag stiller med lag i både junior og seniorklassen samt i lagdans på Landskappleiken på Fagernes i slutten av juli.