Fjordaspel

Fjordaspel - ein hyllest til spelemennene frå Stronde

Laurdag 7.november på Krossvoll, Lofthus

Hardanger Spelemannslag ber inn til gratiskonsert for alle folkemusikkinteresserte på Krossvoll, Lofthus laurdag 7.november kl 19.00.

Dei som finn vegen til Krossvoll denne kvelden vil både få høyre om "spelemennene på Stronde" og høyre slåttar etter dei. Og, etterpå vert det dans...

Vel møtt til ein triveleg kveld på Lofthus

I konserten medverkar mellom anna desse: Folkelokk, Oddmund Hus, Polka med støyt, Leif Rygg, "Arne og gutane" og Hardanger Spelemannslag