Folkemusikk kafé 2011

laurdag 16.april 2016 kl 17.00 i Ungdomshallen i Odda

AVLYST-Ungdommens folkemusikk kafé

Spelar du toradar, fele eller piano , dansar eller syng du og er under 18 år? På Ungdomens folkemusikk kafé har du høve til å visa andre kva du driv med. Dette er ikkje berre ein konsert, men og ei samling der du kan verta kjend med andre på din alder som driv med folkemusikk.

3. mars 2016 Les meir

Årsmøte i Hardanger Spelemannslag

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Hardanger Spelemannslag
laurdag 5. mars 2016 kl. 16.00 på Jaunsen Gjestgjevarstad, Granvin.

Vel møtt til eit gjevande årsmøte. Sakspapir til årsmøtet finn du her: Årsmøte 2016

17. februar 2016 Les meir
Kvedarkurs1

Nye songkveldar i Granvin med Berit Opheim.

Etter veldig fine songkveldar i haust og god påmelding så vert det nytt kvedarkurs i vår.

Berit Opheim kjem til bygdatunet i Granvin fire kveldar for å syngje med oss. Berit er kjend for dei fleste, men me kan nemne at ho er ein av landet sine fremste kvedarar og ein utruleg flink og grei songlærar!

Velkomne skal de vera!

17. februar 2016 Les meir

hardingfela.no

Stor aktivitet i prosjekt hardingfela.no

28. januar 2016 Les meir
Fjordaspel

Laurdag 7.november på Krossvoll, Lofthus

Fjordaspel - ein hyllest til spelemennene frå Stronde

Hardanger Spelemannslag ber inn til gratiskonsert for alle folkemusikkinteresserte på Krossvoll, Lofthus laurdag 7.november kl 19.00.

Dei som finn vegen til Krossvoll denne kvelden vil både få høyre om "spelemennene på Stronde" og høyre slåttar etter dei. Og, etterpå vert det dans...

Vel møtt til ein triveleg kveld på Lofthus

26. oktober 2015 Les meir

Laurdag 7.november på Lofthus

Dans, spel og song - alt pao ei gong.

Kursstad er Opedal skule og «malen» på kursa er mykje det same som før, med unnatak av dans.  Der satsar me ikkje på direkte kurs, men ei samling for danseglade i alle aldrar som vil friske opp att kunnskapane sine i både runddans, bygdedans og turdans.For spele- og song glade vert det kurs på «gamle-måten» med desse som lærarar:

Hardingfele: Siri Dyvik, Johanna Mjeldheim, Erik Mjelde og Arne Jordan
Toradar: Ole Gjerde
Song: Solbjørg Tveiten


Kursa startar klokka 10 og varar fram til om lag klokka 16.00 inklusive ein god lunsjpause med Kari-Margrethe sin «berømte» taco-suppe og er ved dette høvet gratis for alle som er medlemar i laget – og andre som får høve til å verta medlemar.

Etter kursa vil det verta ei matøkt for dei som ynskjer å vera med på konsert/dans på Krossvoll om kvelden. Vonar difor på at du anten står på scenen eller sit i salen under konserten som startar kl. 19.00. Og -  alt er framleis gratis! 

Vel møtt til inspirasjonslaurdag på Lofthus

26. oktober 2015 Les meir
Bilete av Berit Opheim

Nybyrjarkurs i kveding (Songkveld) med Berit Opheim.

Likar du å syngje? Har du lyst til å læra litt meir? Då er Holvenstova staden å vera i haust. Me er så heldige at Berit Opheim kjem til Granvin tre kveldar for å syngje med oss. Berit er kjend for dei fleste, men me kan nemne at ho er ein av landet sine fremste kvedarar og ein utruleg flink og grei songlærar!
 
Velkomne skal de vera!

11. september 2015 Les meir
Halling

Folkedans utan kommunegrenser

Onsdag 22.juli kjem Sommarbåten til Ulvik og i samband med dette vert det høve til å sjå spreke dansarar frå Hardanger i lag med ein staut spelemann frå Voss.

21. juli 2015 Les meir
IMG_9129

Manns (og kvinne) sterke til Landskappleiken

Hardanger Spelemannslag stiller med lag i både junior og seniorklassen samt i lagdans på Landskappleiken på Fagernes i slutten av juli.

2. juni 2015 Les meir

Benedicte og Annlaug i vinden!

Hardingar på dei store scenane

25. april 2015 Les meir