Laurdag 7.november på Lofthus

Dans, spel og song - alt pao ei gong.

Kursstad er Opedal skule og «malen» på kursa er mykje det same som før, med unnatak av dans.  Der satsar me ikkje på direkte kurs, men ei samling for danseglade i alle aldrar som vil friske opp att kunnskapane sine i både runddans, bygdedans og turdans.For spele- og song glade vert det kurs på «gamle-måten» med desse som lærarar:

Hardingfele: Siri Dyvik, Johanna Mjeldheim, Erik Mjelde og Arne Jordan
Toradar: Ole Gjerde
Song: Solbjørg Tveiten


Kursa startar klokka 10 og varar fram til om lag klokka 16.00 inklusive ein god lunsjpause med Kari-Margrethe sin «berømte» taco-suppe og er ved dette høvet gratis for alle som er medlemar i laget – og andre som får høve til å verta medlemar.

Etter kursa vil det verta ei matøkt for dei som ynskjer å vera med på konsert/dans på Krossvoll om kvelden. Vonar difor på at du anten står på scenen eller sit i salen under konserten som startar kl. 19.00. Og -  alt er framleis gratis! 

Vel møtt til inspirasjonslaurdag på Lofthus

26. oktober 2015 Les meir

Dans, spel og song 2015 - laurdag 14.mars 2015 i Granvin

Hardanger Spelemannslag inviterar med dette til kurs i Granvin laurdag 14.mars 2015. Me satsar på lokale krefter i spel, song og dans medan durspelfolket får vitjing av ein gjestelærar – Arve Bjørn Røneid.  Arve Bjørn kjem frå Gaupne i Sogn og har ei lang merittliste både som musikar og komponist, med gull i solistklassen under NM i Steinkjer som førebels ”topp” på merittlista. I år vert det berre kurs på dagtid og ikkje dans om kvelden, slik me har hatt i dei siste åra, men me avsluttar som vanleg kursa med ein liten konsert for oss sjølve.

 

3. mars 2015 Les meir

Kursinformasjon og prisar

Dans, spel og song - alt pao ein gong 2014

Hardanger Spelemannslag inviterar til konsert og kurs i Granvin 28-29.mars 2014 for alle mellom 10 og 99 år. Fredag kveld vert det konsert med Margit Myhr og Erlend Apneseth i Holvenstova, laurdag vert det kurs i dans, spel og song på skulen i Granvin på dagtid, og konsert og dans i Løo om kvelden.  Velkomne ska de ve...

13. mars 2014 Les meir
Dans, spel, song

Dans, spel og song - alt pao eing gong 2013

Hardanger Spelemannslag inviterar til kurs i Granvin 15.-17.mars 2013 for alle mellom 10 og 103 år. Fredag kveld vert det konsert med Ottar Kåsa i Holvenstova, laurdag vert det kurs i dans, spel og song på skulen i Granvin, og konsert og dans i Løo om kvelden.
Sundag føremiddag vert det årsmøte i Hardanger Spelemannslag.
Velkomne ska de ve...
12. februar 2013 Les meir
Framføring song_500x333

Ei helg med dans, spel og song i Granvin

Helga 17.-18 mars vart det årvisse kurset Dans, spel, song- alt pao ein gong arrangert på skulen i Granvin. I løpet av helga var 33 deltakarar fordelt på hardingfele, song, toradar og knøttedans innom.
19. mars 2012 Sjå bilete frå helga