Dans, spel og song - alt pao ei gong.

Laurdag 7.november på Lofthus

Kursstad er Opedal skule og «malen» på kursa er mykje det same som før, med unnatak av dans.  Der satsar me ikkje på direkte kurs, men ei samling for danseglade i alle aldrar som vil friske opp att kunnskapane sine i både runddans, bygdedans og turdans.For spele- og song glade vert det kurs på «gamle-måten» med desse som lærarar:

Hardingfele: Siri Dyvik, Johanna Mjeldheim, Erik Mjelde og Arne Jordan
Toradar: Ole Gjerde
Song: Solbjørg Tveiten


Kursa startar klokka 10 og varar fram til om lag klokka 16.00 inklusive ein god lunsjpause med Kari-Margrethe sin «berømte» taco-suppe og er ved dette høvet gratis for alle som er medlemar i laget – og andre som får høve til å verta medlemar.

Etter kursa vil det verta ei matøkt for dei som ynskjer å vera med på konsert/dans på Krossvoll om kvelden. Vonar difor på at du anten står på scenen eller sit i salen under konserten som startar kl. 19.00. Og -  alt er framleis gratis! 

Vel møtt til inspirasjonslaurdag på Lofthus

Programmet for dagen vert omlag slik:

10:00-15.00 Kurs i spel, toradar med vekt på runddansspel og kveding
                  Dansesamling for dansarar i alle aldrar

12.00-12.30  Pause med mat                                          

15.00-16.00 Kort presentasjon av «lærdom»           

Litt  pause

17.00-18.30   Matøkt  for alle aktive                              

19.30 – 21.00 Konsert m/ litt kåseri - Krossvoll             

21.30 – 01.00 Dans på Krossvoll