Dans, spel og song 2015 - laurdag 14.mars 2015 i Granvin

Hardanger Spelemannslag inviterar med dette til kurs i Granvin laurdag 14.mars 2015. Me satsar på lokale krefter i spel, song og dans medan durspelfolket får vitjing av ein gjestelærar – Arve Bjørn Røneid.  Arve Bjørn kjem frå Gaupne i Sogn og har ei lang merittliste både som musikar og komponist, med gull i solistklassen under NM i Steinkjer som førebels ”topp” på merittlista. I år vert det berre kurs på dagtid og ikkje dans om kvelden, slik me har hatt i dei siste åra, men me avsluttar som vanleg kursa med ein liten konsert for oss sjølve.

 

Kurs og lærarar:

Hardingfele: Johanna Mjeldheim og Arne Jordan med fleire

Toradar: Arve Bjørn Røneid og Anita Solheim Bråvoll

Song: Her jobbar me med å finne lærar J

Dans: Anne-Marie Øydvin

 

Kursa er retta mot dei som har spelt ei stund (mellom 10 – 99 år gamle) og varar frå klokka 10.00 - 17.00.  Pris for kurs og lunsj kr 250

Vel møtt til kurslaurdag i Granvin