Lagdans LK Vågå

Danseøving i laget

Kom og DANS!

Me i styret inviterar medlemer og andre interesserte til å vera med og ta ein dans på øvingane framover. Det er lagt opp til speløving i laget frå kl.12, og me henger oss på med eit tilbod til dei som vil dansa frå kl.14.  Her vert det høve til å få dansa  springar, rudl, runddans og halling til levande spel.  
Det er òg tenkt at me skal få til ei økt med rørospols i framtida, for dei som vil få betre kjennskap til den dansen før Landskappleiken vert arrangert 5-9.juli på Røros. 

Høyres dette interessant ut? 
Noter deg datoane, ta med deg ein ven og kom! 

 

Stad; Trudvang i Granvin

Sundag 26.februar:     Spel frå kl. 1200 - Dans frå kl. 1400
Sundag 20.april:     Spel frå kl. 1200 - Dans frå kl. 1400
Sundag 21.mai:     Spel frå kl. 1200 - Dans frå kl. 1400
Sundag 25.juni:     Spel frå kl. 1200 - Dans frå kl. 1400


Send gjerne ei melding om at du kjem på danseøving til Torkjell på tlf.97130173 eller torkjell@hardingfolk.no. Om du ikkje seier ifrå så er du sjølvsagt velkomen òg. :-)

Dansehelsing frå 
Styret
v/ Torkjell Lunde Børsheim