Kvedarkurs1

Nye songkveldar i Granvin med Berit Opheim.

Etter veldig fine songkveldar i haust og god påmelding så vert det nytt kvedarkurs i vår.

Berit Opheim kjem til bygdatunet i Granvin fire kveldar for å syngje med oss. Berit er kjend for dei fleste, men me kan nemne at ho er ein av landet sine fremste kvedarar og ein utruleg flink og grei songlærar!

Velkomne skal de vera!

Praktisk informasjon:

Stad: Granvin Bygdatun
Alder: Frå 7 år og oppover. Inga øvre aldersgrense!
Datoar: Onsdagane 2. Mars, 30. Mars, 27. April, 1. Juni, og kanskje ein kveld til.
Klokkeslett: For dei under 16 år: kl. 1800-1900. For dei over 16 år kl. 1900-2000.
Pris: kr. 100 pr.pers pr. gong
Påmeldingsfrist: 24.februar

Påmelding til: Rannveig Djønne, e-post: rannveigdjonne@hotmail.com eller tlf/sms til 47291012

Arrangørar: Hardanger Spelemannslag og hardingfela.no