- Hardanger Spelemannslag
Stor aktivitet i prosjekt hardingfela.no
Det prosjektet som vart starta oppfor nokre år sidan der m.a. Hardanger Spelemannslag og Hardanger og Voss Museum er sentrale aktørar, aukar stadig i omfang.
Rannveig Djønne tok til som prosjektkoordinator 1. aug. 2015, ei stilling som vert auka frå 25 til 50% i vebruar 2016. Magni
Rosvold er gjennom hardingfela.no tilsett som prosjektleiar for Folkedans i Hordaland. Dette forprosjektet er tenkt å munne ut i eit hovudprosjekt som skal setje fokus på dansearven i fylket. Stillinga er 100 % i 6 mnd, og Magni startar i jobben i februar i 2016. OBA har tilsett Wibke Lüders i 50% stilling som instrumentmakar/
instrumentkonservator i felemakarverkstaden på Kringsjå. I tillegg skal ho også undervise i ein del teorifag knytt til hardingfelemakarutdanninga.
Ein viktig del av Hardingfela.no er Master Class Hardanger, Internasjonal Master Class Hardanger og talentskulen for unge
hardingfelespelarar. Dei tre Master Class Hardangernivåa var ein suksess i 2015, og vert vidareført i 2016. Master Class Internasjonal
som vart arrangert fyrste gong i år fekk strålande tilbakemeldingar frå deltakarane, eigen artikkel i bladet ”Folkemusikk”, fleire
avisoppslag og mellom anna sendetid på NRK-TV to gonger. Leif Rygg og Frank Rolland vert hovudlærarane i den internasjonale satsinga i 2016.
Saman med Hardanger Spelemannslag arrangerte hardingfela.no kurskveldar i kveding med Berit Opheim hausten 2015. Heile 22 deltakarar melde seg
på frå 5 ulike kommunar. 11 vaksne og 11 born/ungdomar deltok med stor iver. Kurset vart helde i Bygdatunet i Granvin. Denne satsinga på
vokal folkemusikk held fram i 2016.