- Hardanger Spelemannslag
Vil du læra deg å dansa Rørospols? Då er dette minikurset heilt perfekt for deg!
Hardanger spelemannslag markerte seg på Ål i helga.
Alexander Aga Røynstrand frå Granvin gjekk heilt til topps i Fanitulltevlinga under Folkemusikkveka på Ål, medan Torkjell Lunde Børsheim frå Ulvik kapra 2.plassen i hallingdanstevlinga "ein-mot-ein".
Tre kveldar i vår er de velkomne til kvedarkurs. Noter ned 18.mai, 29.mai og 6.juni!
Stormønstring i Granvin
Komande helg er det duka for Hordamønstring i Granvin, laurdag 11.mars. Her samlast folkemusikarar og –dansarar frå heile fylket for å tevla i dans, spel og song.
For alle born og unge
– enten du har delteke på Hordamønstringa, eller berre har lyst til å komma innom og vera med og sjå kva dette er – er du hjarteleg velkommen til gymsalen på Granvin skule frå kl 16:00-17:30 den 11. mars!
Kom og DANS!
Me i styret inviterar medlemer og andre interesserte til å vera med og ta ein dans på øvingane framover. Det er lagt opp til speløving i laget frå kl.12, og me henger oss på med eit tilbod til dei som vil dansa frå kl.14. Her vert det høve til å få dansa springar, rudl, runddans og halling til levande spel.
Det er òg tenkt at me skal få til ei økt med rørospols i framtida, for dei som vil få betre kjennskap til den dansen før Landskappleiken vert arrangert 5-9.juli på Røros.
Høyres dette interessant ut?
Noter deg datoane, ta med deg ein ven og kom!
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Hardanger Spelemannslag
sundag 12. mars 2017 kl. 14.00 i Trudvang, Granvin.
Vel møtt til eit gjevande årsmøte.
Sakliste
Kongen utnemner meisterspelemannen Knut Hamre til kommandør av St.Olavs Orden. Heideren får han for sin framifrå innsats for norsk folkemusikk! Knut får ordensteiknet overlevert av fylkesmann Lars Sponheim på ei tilskiping i regi av heradet i Granvin, 3.mars 2017. Det er òg Knut sin 65-årsdag!