1. plass på Hilme-kappleiken

Alexander Aga Røynstrand gjekk heilt til topps

Alexander Aga Røynstrand frå Granvin kom på førsteplass i klassa hardingfele/vanleg fele på kappleiken under Jørn Hilme-stemnet.

Alexander
Alexander Aga Røynstrand. Biletet er frå Landskappleiken 2017 på Røros. Foto: Runhild Heggem.

Jørn Hilme-stemnet er ein av dei eldste folkemusikkfestivalane i landet. Både spelemannen Jørn Hilme (1778-1854) og Jørn Hilme-stemnet har vore med å spela ei viktig rolle i utviklinga og vidareføringa av folkemusikken i Valdres og i resten av landet. 

På årets Hilme stemnet, som vart arrangert første veka i august, fekk Alexander Aga Røynstrand førsteplassen i klassa hardingfele/vanleg fele under Hilme-kappleiken. Som premie fekk han ein sjekk på kr. 10.000. 

Hardanger Spelemannslag gratulerer!