Alexander vann Fanitulltevlinga!

Folkemusikkveka på Ål 25.-28.mai 2017

Hardanger spelemannslag markerte seg på Ål i helga. 

Alexander Aga Røynstrand frå Granvin gjekk heilt til topps i Fanitulltevlinga under Folkemusikkveka på Ål, medan Torkjell Lunde Børsheim frå Ulvik kapra 2.plassen i hallingdanstevlinga "ein-mot-ein".  

  

(c) knut utler
18738964_1590642670977513_7305751232808537634_o
Foto: Knut Utler

Den tradisjonstunge tevlinga er eit kappspel på hardingfele og fele. I år var det 11 deltakarar som kjempa om ein plass i finalen. Alexander møtte meritterte spelemenn som Ottar Kaasa og Jan Beitohaugen Granli til finalespel der kvar spelemann måtte spela ein halling for å avgjera kven som var best. Til stor jubeI frå publikum vart Alexander utropt til vinnar og fekk 15 000kr samt ein vandrepokal i sylv.