- Hardanger Spelemannslag
I år var Landskappleiken på Røros. Av plasseringane til laget kan ein blant anna nemna 1. plassen til Amalie Kinsarvik i durspel junior, 3.plassen til Torkjell Lunde Børsheim i A-klassen i halling og 8.plassen i lagdans.
Amalie Kinsarvik Tvilde tok førsteplassen i klassen durspel junior med heile 76 poeng. Ho hadde ein førsteplass og ein andreplass frå før av, og førsteplassen var målet no når ho har sitt siste år i juniorklassen.
Amalie går for tida på landslina for folkemusikk på Vinstra vidaregåande skule der ho har Tom Willy Rustad som læremeister. Ho har no eitt år att på skulen.
Det var ikkje berre 1. plassen Amalie kunne jubla for. På meisterkonserten som vart arrangert på sundagen fekk ho også tildelt Furestipend. Dette er eit stipend på kr. 10.000 som går til vinnarane av juniorklassane innan musikk og kveding, dersom domarane meinte dei gjorde det særskilt godt eller synte spesielle talent.
Tevla i 11 klassar
Hardanger Spelemannslag er eit allsidig lag. Laget deltok i heile 11 klassar på Landskappleiken og representerte både dans, spel og song.
I klassen lagdans senior kom laget på ein 8. plass av heile 25 lag, og berre 6 poeng frå toppen.
Torkjell Lunde Børsheim hevdar seg i A-klassen i halling, og kom i år på ein 3. plass. Han tevla også saman med Anne-Marie Øydvin i dans hardingfele klasse A.
Spelemannslaget spelte også lagspel i junior og seniorklassen, og hardingfelespelarar var representerte i A-, B- og C-klassen. Frank Henrik Rolland fekk ein 5. plass i hardingfele A og Alexander Aga Røynstrand fekk ein 6. plass. I hardingfele B fekk Johanna Mjeldheim ein 5. plass av heile 19 startnummer, og i hardingfele C fekk Jonas Laupsa ein 5. plass. Maria Folkedal tevla i vokal klasse B, og Ole Gjerde fekk ein 5. plass i durspel senior.