Bakgrunn 3

Hordamønstringa 2017

Pressemelding

Stormønstring i Granvin

Komande helg er det duka for Hordamønstring i Granvin, laurdag 11.mars. Her samlast folkemusikarar og –dansarar frå heile fylket for å tevla i dans, spel og song. 

Her møtest folk i alle aldrar på same scene. Her vil ein m.a. treffa storspelemannen og nyutnemnd kommandør av St. Olavs orden Knut Hamre og fleire av elevane hans. Hordamønstringa er ein fin arena der dei yngste får trening i å opptre framfor eit publikum.

-På ei slik mønstring ser ein mellom anna resultatet av det store arbeidet kulturskulane gjer med å vidareføra ein viktig del av den lokale kulturen vår, seier Torkjell Lunde Børsheim i tilskipingsnemnda, sjølv Frikar og ein av dei beste hallingdansarane i landet.

For dei aller yngste vert det sjokoladekappleik, der ein ikkje legg vekt på tevling, men at dei kan få prøva seg på ei scene.

Det er ikkje berre i Hardanger og Voss at folkemusikk og folkedans har hatt kraftig oppsving dei siste åra. Også i og rundt Bergen ser ein no sterke resultat av godt arbeid og det er hyggeleg at det deltek både unge og vaksne også frå desse områda.

Granvin har ein særskild posisjon når det gjeld folkemusikken og det heile føregår i det ærverdige ungdomshuset Trudvang. Dette er kanskje eit av husa her i landet med mest folkemusikk i veggane.

 

Etter kappleiken vert det dans i god gamal tradisjon.

Tilskipar er Hardanger Spelemannslag

 

For nærare spørsmål kontakt Sjur Kjerland, tlf. 957 68 460.