Kurs i Rørospols

Torsdag 8.juni 2017

Vil du læra deg å dansa Rørospols? Då er dette minikurset heilt perfekt for deg! 

 

Plakat[1]
rørospols

Vil du læra deg å dansa pols? Eller treng du berre ei oppfrisking?
Eller kanskje du berre vil koma og dansa i lag med andre danseglade?

Dette minikurset passar for alle! Ingen forkunnskap er naudsynt.
Om du har tenkt deg til Landskappleiken som vert arrangert på Røros i år er dette eit ypparleg høve til å læra deg nokre steg og knep før du skal utpå dansegolvet.

Me får besøk av Inga Myhr til å læra oss Rørospols.
Inga er frå Trysil og har brei erfaring innanfor tradisjonsdans, og er mellom ein av dei få i landet som har fullført utøvarstudiet i folkedans ved NTNU i Trondheim.

Dato: Torsdag 8.juni
Tid: kl 18.00-21.00
Stad: Trudvang ungdomshus, Granvin

Pris: kr.50 (medlemer i spelemannslaget går gratis)

VELKOMEN!

Med beste helsing,
styret