- Hardanger Spelemannslag
Få alle med, vi legg vekt på øving mot Landskappleiken på Geilo. Me delar ut ein CD med aktuelle slåttar,orienterar litt om «opplegget» og blinkar ut tidspunkt for ekstraøving.
Richard Burgess (57) og Mark Laurenson (29) er frå forskjellige generasjonar og frå kvar sin ende av Storbritannia, men har likevel mykje til felles. Begge vaks opp eit steinkast eller to frå Nordsjøen – Richard heilt i sør i grevskapet Kent, Mark heilt i nord på Shetland. Begge har flytta til Noreg – med 35 års mellomrom – lært seg norsk og blitt ein del av det norske musikkmiljøet. Og ikkje minst, begge har sans for ein musikktype der saltsmaken er tydeligare enn søtsmaken.
Hardanger Spelemannslag var godt representert på Landsfestivalen i gamaldansmusikk
Japan sin ambassade i Noreg inviterar spelemenn og - kvinner til å delta i Osaka International Music Competition 2013
Hardingane markerte seg med sterke prestasjonar under Landskappleiken på Røros.
Harpa er som namnet seier, ei gruppe musikarar som trakterar harper, men og andre instrument. Dei kjem til Granvin, torsdag 30. mai, og voner å møte norske folkemusikarar og dansarar i Holvenstova til ein uformell kveld med musikk, dans og prat.
Hugs øving i Hardanger Spelemannslag måndag 20. mai kl. 14 på Krossvoll! Styremøtet vert same dag kl. 12 på Ullensvang Gjesteheim