- Hardanger Spelemannslag
Marta Lindvik fekk Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris for 2013. Prisen som er på kr 10.000,- er oppretta til minne om Audhild F. Moxnes som var aktiv utøvar på Hardingfele og i dans, og som omkom i ei trafikkulukke i 2004, 17 år gamal. Prisen skal gå til ein ung og lovande utøvar på Hardingfele og vart dette året utdelt på Vestlandskappleiken i Førde 11. oktober. I grunngjevinga peikar tildelingsstyret på at Marta har vore med på å dra i gang konsertar i heimbygda og at ho har ein inspirerande stå-på-vilje både for eige spel og som inspirator og sosialt midtpunkt, i tillegg til at ho også har gjort det godt på kappleikar og stemne.
Marta er også teken opp som elev i den nystarta MasterClass Hardanger.
Hardanger Spelemannslag gratulerar så mykje!