Mange strålande resultat på Landsfestivalen 2013

Hardanger Spelemannslag var godt representert på Landsfestivalen i gamaldansmusikk

 

 

21072013673

 

Hardanger Spelemannslag var godt representert på Landsfestivalen i gamaldansmusikk som dette året var på Løten 18. - 21. juli. Det vart m.a. tevla i solo Hardingfele, gruppespel, lagspel, solo durspel der fokuset er å få fram god dansmusikk og den beste dansetakt. Alexander Aga Røynstrand (biletet t.h.) frå Granvin deltok i klassen Solo Hardingfele/fele, og etter knivskarp konkurranse vart han ein av fire finalistar torsdag kveld. Der spela han seg heilt til topps og stakk av med fyrsteprisen. Alexander deltok også i gruppa "Hevd" som i klassa for gruppespel tok ein svært sterk bronsemedlaje. I denne klassa kom gruppa "Polka med Støyt" (Siri Dyvik, Magne Velure og Øystein Velure) på ein flott 5. plass mellom 18 gode grupper. Ole Gjerde (bilete under) som også spelar i gruppa "Hevd" deltok også i klassa Solo durspel senior, der han tok 2. plassen mellom 12 deltakarar. Kristoffer Kleiveland (Osterøy) vann denne klassa og Ingvild Seilen (Osterøy) kom på tredjeplass . Stor vestlandsdominans i denne klassa, altså. I durspelklasse for junior tok Amalie Tvilde Kinsarvik ein glimrande tredjeplass. Her kom Ingrid Standal Sørheim på 6. plass. Desse to gjorde det også sterkt i samspel junior.

21072013672.jpg