- Hardanger Spelemannslag
Master Class Hardanger 2014
Unikt tilbod til hardingfelespelarar
Etter ei særs vellukka fyrste halvår får no hardingfelespelarar frå heile landet høve til å søkje på Master Class Hardanger der meisterspelemannen Knut Hamre er hovudlærar.
Master Class Hardanger er for alle som spelar hardingfele og ynskjer å fordjupe seg meir i spelet og tradisjonen. Prosjektet vart gjennomført fyrste gong hausten 2013 med 10 deltakarar frå Hordaland.
Tilbakemeldingane var svært gode og me lyser no ut ny søknadsrunde. Nytt dette året er at det er ope for søkjarar frå heile landet.
Eit attraktivt tilbod
Kriteria for å vera med er at ein er hardingfelespelar på 16 år eller meir. Utveljing av deltakarar skjer etter at dei har sendt inn slåttar på lydspor.
- Inntil ti heldige utvalde får tilbod om ti individuelle enkelttimar med hovudlærar Knut Hamre, i tillegg til deltaking på to inspirerande helgesamlingar. Her vert det konsertar, føredrag og workshops med kapasitetar som Åse Teigland, Frank Rolland og Knut Buen.
Møte med meisteren
Spelemann Knut Hamre frå Granvin er det pedagogiske midtpunktet i opplegget. Han er ein av dei fremste spelemennene i landet, og ingen har vunne landskappleiken fleire gonger enn han. Hamre held stadig konsertar, og har gjeve ut mange cd-ar. Men til dagleg er han først og fremst kulturskulelærar.
- Å læra spelet vidare til nye generasjonar er det viktigaste eg driv med. Men ofte kan kulturskuletimane kjennast for korte. I master class-programmet får me betre tid til å fordjupa oss i musikken. Det vert litt meir som på gamlemåten, då unge og gamle spelemenn sat i spelstovene og lærte av kvarandre, fortel Knut Hamre.
Enkeltundervisinga med Knut Hamre føregår i Kjerlandsstova i Granvin bygdetun, og tek til i september. Heile opplegget, inkludert helgesamlingane, er fordelt på tre bolkar i løpet av september, oktober og november. Avslutningsvis vert det konsert med alle deltakarane og andre involverte.
Ein verdfull bit verdsarv
- Master Class Hardanger er eitt av fleire bidrag i arbeidet med å føra hardingfeletradisjonen vidare.
Hardingfela og hardingfelespelet er eit stykke verdsarv, og me som bur her som tradisjonen lever har ansvaret for vidareføringa. Me er svært glade for at Hardanger og Voss Museum og Hordaland fylkeskommune støttar opp om og satsar på dette arbeidet. På sikt er dette eit opplegg som kan gå inn i eit hardingfelesenter som no er under planlegging, seier fylkesmusikar Frank Rolland.
Søknadsfristen er 1.mai
Kontaktinfo: Spelemann Knut Hamre tlf. 957 28 255
Fylkesmusikar Frank Rolland tlf. 906 32 556 frank.henrik.rolland@hvm.museum.no
Prosjektleiar Agnete Sivertsen tlf. 95934698 agnete.sivertsen@hvm.museum.no
Pressekontakt Rannveig Djønne tlf. 47291012 post@djonno.no
Meir info om Knut Hamre: http://snl.no/.nbl_biografi/Knut_Hamre/utdypning