- Hardanger Spelemannslag
Det har lukkast oss å samle eit kobbel med svært dyktige folkemusikarar og dansarar til ein festkveld i Trudvang fredag 3.oktober, og me vonar å sjå nett deg blant publikum denne kvelden, slik at du og kan få eit innblikk i stoda for folkemusikken i Hardanger anno 2014. Vel møtt til konsert.
Laurdagskvelden vert det dans med premieutdeling i Trudvang, og tradisjonen tru satsar me på at spelemenn frå fjern og nær vil bidra med dugnadsspel slik at dette vert ein vellukka kveld.
Her finn du ei oversikt over planlagde øvingar hausten/vinteren/våren 2014-2015.
Det kan kome endringar undervegs, desse vil i så fall verta varsla med e.post og på Juniorlaget si Facebookside.
Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.
Her finn du tevlingsoppsett og informasjon om påmelding til Vestlandskappleiken 2014, 3.-5.oktober i Granvin
Under Landskappleiken på Geilo nådde Hardanger Spelemannslag nesten heilt til topps i lagspel, med ein svært solid andreplass. Laget var dermed det beste av alle Hardingfelelaga. Heile 23 spelemenn og -kvinner deltok, med Ingeleiv og Arne som nestorar. Med stødig boge leia Frank laget til ein flott plassering og kom dermed to plassar høgare enn på Røros i fjor. I tillegg stilte Hardanger med to flotte juniorlag på Geilo.
Me er i full gong med planlegginga av Vestlandskappleiken 2014,
og treng friviljuge til både store og små oppgåver.
Så - har du tid og lyst til å ta i eit tak, så meld deg til dugnad her
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Hardanger Spelemannslag, laurdag 29. mars 2014 kl. 16.00 på Granvin barn- og ungdomsskule. Sakliste til årsmøtet finn de her. Saker som de ynskjer å ta opp på årsmøtet må vera styret i hende innan 22.mars 2014.
Ulvik, 13.03.2014
Anne-Marie Øydvin
- leiar-
I år har me tilbod om mange spanande kurs for både store og små på dagtid og konsert/dans i Løo på Seim om kvelden der alle som vil sjølvsagt er velkomne.
Sjå Dans, spel og song - alt pao ei gong her på www.hardingfolk.no for informasjon og påmelding.