- Hardanger Spelemannslag
Laurdag 24. januar vert det konsert og dans på Hardanger Folkemuseum på Utne. Spelemannslaget har denne helga lagt treningsleiren sin til Utne der ein skal prikka inn formtoppen framfor Landskappleiken på Fagernes i juli. På kveldstid kl. 19 vert det konsert med ein del av Master Class - studentane. Deretter vert det dans til påtrengjande frisk og rytmisk dansemusikk framført m.a. av populærorkesteret "Polka med støyt" som denne kvelden stiller med nystemde og høgglanspolerte instrument. Vidare vil ein kunna oppleva eliteutøvarane i dansemusikkskadronen i Hardanger Spelemannslag. Her vil verta framført mange umoderne komposisjonar frå fordums tider og mogeleg å røra seg rytmisk til taktartar som m.a. 2/3, 4/6, 4/4 og 6/8-delte taktar.
Me ser fram til å sjå deg på Utne! Ver positiv - HIV deg med!