- Hardanger Spelemannslag
Under Landskappleiken på Geilo nådde Hardanger Spelemannslag nesten heilt til topps i lagspel, med ein svært solid andreplass. Laget var dermed det beste av alle Hardingfelelaga. Heile 23 spelemenn og -kvinner deltok, med Ingeleiv og Arne som nestorar. Med stødig boge leia Frank laget til ein flott plassering og kom dermed to plassar høgare enn på Røros i fjor. I tillegg stilte Hardanger med to flotte juniorlag på Geilo.