HardingFolk anno 2014

Konsert i Trudvang, fredag 3. oktober kl. 20.00

HardingFolk anno 2014

Det har lukkast oss å samle eit kobbel med svært dyktige folkemusikarar og dansarar til ein festkveld i Trudvang fredag 3.oktober, og me vonar å sjå nett deg blant publikum denne kvelden, slik at du og kan få eit innblikk i stoda for folkemusikken i Hardanger anno 2014. Vel møtt til konsert.

21. september 2014 Les meir

Ingen vellukka kappleik utan godt dansespel

Laurdagskvelden vert det dans med premieutdeling i Trudvang, og tradisjonen tru satsar me på at spelemenn frå fjern og nær vil bidra med dugnadsspel slik at dette vert ein vellukka kveld.

17. september 2014 Les meir

Kva skjer når - og kvar

Me i kappleiksnemnda jobbar iherdig med å få alt på plass til at de kjem på vitjing til Granvin, helga 3.-5.okober, og her finn de eit oppsett over kva som skjer når og kvar under kappleiken. Men merk dykk at de kan verta små endringar i programmet.
 

10. september 2014 Les meir

Billettprisar under kappleiken

Her finn du ein oversikt over billettar og prisar som gjeld under kappleiken. Vonar å sjå deg i Granvin.

22. september 2014 Les meir
Audhild m

TILDELING HAUSTEN 2014

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.

18. august 2014 Les meir

Overnatting under kappleiken

Her finn du informasjon om overnatting i Granvin, Ulvik (25 min) og Voss (25 min)
Me arbeidar og med å skaffe overnatting i private heimar og i klasserom i Granvin, informasjon og prisar kjem etter kvart

11. august 2014 Les meir

Tevlingsoppsett - Vestlandskappleiken 2014

Her finn du tevlingsoppsett og informasjon om påmelding til Vestlandskappleiken 2014, 3.-5.oktober i Granvin

11. august 2014 Les meir

Sponsorar

Hardanger Spelemannslag takkar desse for stønad til Vestlandskappleiken 2014

Les meir