Ingen vellukka kappleik utan godt dansespel

Laurdagskvelden vert det dans med premieutdeling i Trudvang, og tradisjonen tru satsar me på at spelemenn frå fjern og nær vil bidra med dugnadsspel slik at dette vert ein vellukka kveld.

Kappleiksnemnda oppmodar difor både unge og eldre kappleiksdeltakarar som er interessert i å spela til dans på laurdagskvelden til å melda seg til
Arne Jordan, mobil 906 47 678, e-post: arne.jordan@statkraft.com etter kvart som lysta meldar seg.