Sommaravslutting og foreldremøte for juniorlaget fredag 8. juni

Juniorlaget har øvingar ein gong i månaden, men denne fredagen køyrer me på med litt ekstra. Me legg opp til foreldremøte, sosialisering, speling og dans.
Sommaravslutting og foreldremøte for juniorlaget

Stad: Museet på Utne
Tid: Fredag 8. juni, klokka 18

Styret i Hardanger spelemannslag vil avslutta våren i god stil med å invitera til sommaravslutting 8. juni. Viktig at foreldre møter opp!


Program

18- 18.30: Sosialisering ( ute om det er fint ver, viss ikkje i kafeen på museet)
18.30- 19.30: Speling i grupper/ dansing i grupper
19.30- 20.00: Pause med mat. Styret informerer om heimeside/ medlemsfordeler og aktivitetar neste haust. For foreldre og juniorlagsmedlemer
20- 21: Samspel og dans