Om juniorlaget

Det var fyrst då Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken ville ta over Hardanger Juniorspelemannslag at det verkeleg tok seg opp, etter ein lite aktiv periode for laget.
Sidan den tid har juniorlaget vore veldig aktivt, hatt månadlege øvingar, spelt på forskjellige arrangemang og deltatt på kappleikar. I Hardanger Juniorspelemannslag er det spelemenn og spelekvinner frå heile Hardanger; frå Odda til Eidfjord og frå Ulvik til Nordheimsund. Å spela saman gjev motivasjon og speleglede. I tilegg er det veldig lærerikt å spela i eit spelemannslag, å spela saman med andre er noko heilt anna enn å spela åleina. Me lærer mykje av kvarandre!

I 2012 tek Frank Rolland og Arngunn Timenes Bell over Hardanger Juniorspelemannslag etter John Ole og Lajla. Knut Hamre har også engasjert seg stort i juniorlaget! Det same med Arne Jordan. Foreldra har også stilt opp, både når det gjeld køyring, til baking til samlingar og kanskje det viktigaste; dei har vore god moralsk støtte.

Juniorlaget vert større og større for kvart år som går. Me håpar 2012 vert eit aktiv år, med speling, speling, speling og mykje anna moro.