North Sea music from Shetland, England and beyond…

Jaunsen Gjestgjevarstad, laurdag 31. August kl. 21.00

Richard Burgess (57) og Mark Laurenson (29) er frå forskjellige generasjonar og frå kvar sin ende av Storbritannia, men har likevel mykje til felles. Begge vaks opp eit steinkast eller to frå Nordsjøen – Richard heilt i sør i grevskapet Kent, Mark heilt i nord på Shetland. Begge har flytta til Noreg – med 35 års mellomrom – lært seg norsk og blitt ein del av det norske musikkmiljøet. Og ikkje minst, begge har sans for ein musikktype der saltsmaken er tydeligare enn søtsmaken.
 

Felespelaren Mark Laurenson er flaska opp med Shetlands unike folkemusikktradisjon, der drivande rilar og spretne jigs vekslar med underlige, gamle ”listening tunes” med umiskjennelig nordisk klang. Han spelar mellom anna i folkpartybandet Fullsceilidh Spelemannslag (kjent – og frykta! – på dansetilstelningar både i og utanfor Shetland) og i den kjende norskshetlandske trioen Aamos, som har turnert i heile Skandinavia.

Songaren, gitaristen og concertinaspelaren Richard Burgess spelar i mange konstellasjonar – bl.a. med den anglo-svenske trioen Doggerland, med norske band som Foghorn og Handsome Molly, samt med den anglo-fransk-norske kvintetten Five Men in a Boat. Richard har eit stort repertoar av gamle og nye viser med ein historie å fortelje.

Saman presenterer Richard og Mark eit variert program av songar og instrumentallåtar, vesentlig frå dei britiske øyene. Havet er aldri langt unna, anten som setting for songane eller som smakstilsetjing i Mark sitt rikhaldige repertoar av drivande felelåtar. Elles har både to stor tru på betydninga av å fortelje om musikken – noko dei gjer med glimt i auget (og på begge norske målformer!).

Fyrste gong Richard og Mark spelte saman var på ei aude brygge på Shetland i 2006. Publikumet besto utelukkande av begeistra måker – men shetlandske måker, vel å merkje, som veit kva bra musikk er!

Me sjåast på Jaunsen!