Innkalling til årsmøte 2012

Innkalling til årsmøte i Hardanger spelemannslag

Tid: Laurdag 17. mars 2012 , klokka 16
Stad: Granvin barne- og ungdomskule

Sakslista
1) Godkjenning av innkalling og sakslista
2) Val av ordstyrar og skrivar
3) Årsmelding for Hardanger spelemannslag 2011
4) Rekneskap for Hardanger spelemannslag 2011
5) Orientering om hardingfelesenter*
6) Orientering om arkivsatsing Hardanger folkemusikksamling*
7) Innkomne saker
8) Fastsetjing av kontingent for 2013
9) Fastsetjing av arbeidsprogram for 2013
10) Val

Innkomne saker må vera styret i hende innan 10. mars. Årsmelding og rekneskap vert ettersendt per e-post og lagt ut på heimesida.

For meir informasjon om årsmøtet eller kurset Dans, spel, song- alt pao ein gong som vert arrangert same helga, sjå hardingfolk.no!

* Sak 5: Hardanger spelemannslag er med i styringsgruppa for hardingfelesenteret. Her kan ein koma med innspel til kva utsendingen frå spelemannslaget skal ta opp i styringsgruppa, kva er viktig for spelemannslaget i ein slik samanheng?

* Sak 6: Hardanger folkemusikksamling vil gjerne ha innspel frå spelemannslaget i forhold til arbeidsplan for arkivsatsinga på museet.