Bakgrunn 3

Pressemelding

Hordamønstringa 2017

Stormønstring i Granvin

Komande helg er det duka for Hordamønstring i Granvin, laurdag 11.mars. Her samlast folkemusikarar og –dansarar frå heile fylket for å tevla i dans, spel og song. 

6. mars 2017 Les meir
Dans

Dansetilbod for born og unge

For alle born og unge
– enten du har delteke på Hordamønstringa, eller berre har lyst til å komma innom og vera med og sjå kva dette er – er du hjarteleg velkommen til gymsalen på Granvin skule frå kl 16:00-17:30 den 11. mars! 

5. mars 2017 Les meir
Lagdans LK Vågå

Danseøving i laget

Kom og DANS!

Me i styret inviterar medlemer og andre interesserte til å vera med og ta ein dans på øvingane framover. Det er lagt opp til speløving i laget frå kl.12, og me henger oss på med eit tilbod til dei som vil dansa frå kl.14.  Her vert det høve til å få dansa  springar, rudl, runddans og halling til levande spel.  
Det er òg tenkt at me skal få til ei økt med rørospols i framtida, for dei som vil få betre kjennskap til den dansen før Landskappleiken vert arrangert 5-9.juli på Røros. 

Høyres dette interessant ut? 
Noter deg datoane, ta med deg ein ven og kom! 

 
15. februar 2017 Les meir
årsmøte

Sundag 12.mars 2017 i Trudvang, Granvin

Innkalling til årsmøte for Hardanger spelemannslag

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Hardanger Spelemannslag
sundag 12. mars 2017 kl. 14.00 i Trudvang, Granvin.

Vel møtt til eit gjevande årsmøte.

Sakliste

 

12. februar 2017 Les meir
Knut Hamre 2

Knut Hamre får tildelt Kongens heider

Kommandør av St.Olavs Orden: KNUT HAMRE

Kongen utnemner meisterspelemannen Knut Hamre til kommandør av St.Olavs Orden. Heideren får han for sin framifrå innsats for norsk folkemusikk! Knut får ordensteiknet overlevert av fylkesmann Lars Sponheim på ei tilskiping i regi av heradet i Granvin, 3.mars 2017. Det er òg Knut sin 65-årsdag! 

5. februar 2017 Les meir
Plakat3

Laurdag 11.mars vert Hordamønstringa 2017 arrangert av Hardanger spelemannslag.

Hordamønstringa 2017 i Granvin

Tevlinga er lagt opp som ein ordinær kappleik med standard klasseinndeling og ein eigen uformell "Sjokoladekappleik" for rekruttane under 12 år.

På kvelden vert det spelt opp til dans ut til dei små timar. Det vert sal av mat og drikke heile dagen.  
Det er Hardanger Spelemannslag som er arrangør og alt føregår i Trudvang, ungdomshuset i Granvin.

Les meir under Hordamønstringa 2017 for informasjon om påmelding, prisar, osv.

VEDLAGT PLAKAT med informasjon her.

 

4. februar 2017 Les meir
lagspel_hardanger-_5547647a 2013 Foto Knut Utler

Hardanger Spelemannslag til Bergen

Fredag 9. september spelar spelemannslaget til dans i Gimle i Kong Oscarsgate, Bergen

Ta deg ein tur til Gimle på fredag 9.9 kl. 19.30 og trø dansen til prima dansemusikk frå Hardanger. Laget stiller med ei lang rekkje av sine beste spelemenn og -kvinner. Då får du høyra både "Fjellblomen" og "Jonsokdagen" framført med snert og stil.

3. mars 2016 Les meir

Årsmøte i Hardanger Spelemannslag

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Hardanger Spelemannslag
laurdag 5. mars 2016 kl. 16.00 på Jaunsen Gjestgjevarstad, Granvin.

Vel møtt til eit gjevande årsmøte. Sakspapir til årsmøtet finn du her: Årsmøte 2016

17. februar 2016 Les meir
Kvedarkurs1

Nye songkveldar i Granvin med Berit Opheim.

Etter veldig fine songkveldar i haust og god påmelding så vert det nytt kvedarkurs i vår.

Berit Opheim kjem til bygdatunet i Granvin fire kveldar for å syngje med oss. Berit er kjend for dei fleste, men me kan nemne at ho er ein av landet sine fremste kvedarar og ein utruleg flink og grei songlærar!

Velkomne skal de vera!

17. februar 2016 Les meir

hardingfela.no

Stor aktivitet i prosjekt hardingfela.no

28. januar 2016 Les meir