274704163_315924700515689_1098030665153756122_n

Ein hyllest til Halldor Meland

Felespelar Halldor Meland (1884 – 1972) vert heidra med stor konsert på Hardanger folkemuseum fredag 1. april kl 19.30. Dette i samband med at over hundre år gamle Halldor Meland-innspelingar no har vorte restaurerte og gjevne ut på cd. Meland var ein svært sentral spelemann på 1900-talet, som både komponerte eigne slåttar og fornya det gamle slåttespelet.

På konserten medverkar Knut Hamre, Per Anders Buen Garnås, Ingeleiv Kjerland Kvammen, Steinar Rygg, Alexander Aga Røynstrand, Åse Teigland, Torgeir Kinne Solsvik, Magne Velure og Hardanger Spelemannslag.
Etter konserten speler Hardanger spelemannslag til dans.
Me ynskjer alle hjarteleg velkomne til konsert, festkveld, dans og feiring!
Billettar kan kjøpast her
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid mellom Hardanger folkemusikksamling og Hardanger folkemuseum, og med støtte frå Norsk kulturråd.