Marta, Aurora og Eirin frå pressemeldinga

Ungdomelege vårkonsertar på trappene!

Hardingfelespelarane Eirin Tjoflot, Marta Lindvik og Aurora Aarhus Opheim med gjester, inviterar til konsert på Den Grøne Kafe i Ulvik 27. april og til Ekspedisjonen på Lofthus 28. april.
Kulturskulane i Hardanger og Hardanger spelemannslag har i mange år hatt eit godt samarbeid og desse to konsertane er frukter av dette samarbeidet. Eirin, Marta og Aurora er elevar i kulturskulane i Ulvik og Ullensvang, og medlemer i Hardanger spelemannslag. Med på konserten er også Åsne Kvalnes, Marte Kvalnes og Silje Østraat, som dei spelar saman med i juniorlaget.

I tillegg til musikarane nemnt ovanfor kjem ei rekkje gjesteartistar, og alt ligg til rette for ein variert konsert med noko av det beste folkemusikk- Hardanger har å by på. John Ole Morken på fele/hardingfele og gitar , Lajla Renate Buer Storli med song og hardingfele, Annlaug Børsheim på hardingfele og song, Alexander Aga Røynstrand på hardingfele og Anita Bråvoll på trekkspel og toradar.

-Publikum vil få oppleva ein fantastisk variert og god konsert, seier Eirin Tjoflot.

Fjesbokhendingar her:
Ulvik: http://www.facebook.com/#!/events/170586856395563/
Lofthus: http://www.facebook.com/#!/events/255545227871214/