- Hardanger Spelemannslag
Hardingane markerte seg med sterke prestasjonar under Landskappleiken på Røros.
Mange frå Hardanger Spelemannslag deltok under Landskappleiken på Røros. Benedicte Maurseth vann open klasse i saman med makkeren sin Stein Urheim. Benedicte gjorde det også skarpt i spel hardingfele kl. B der ho oppnådde 116 poeng og fekk fyrste napp til opprykk til klasse A. Denne klassen har svært mange sterke deltakarar og litt lengre nede kom Johanna Mjeldheim med sterke 103 poeng. Napp til opprykk klasse A fekk også Torkjell Lunde Børsheim som dansa Ulvikapspringar med Magni Rosvold i klassen for dans hardingfele B. Torkjell deltok også i den knallharde tevlinga i laus klasse A. Her gjorde han ein fantastisk innsats og havna på ein særs sterk tredjeplass, berre slått av Hallgrim Hansegård (Valdres) og Sigbjørn Rua (Kongsberg)
I yngste klasse kom Marta Lindvik på ein kjempeflott fjerdeplass. Silje Østraat kom på 17. plass i denne klassa. I spel klasse A delte Frank Rolland og Alexander Røynstrand åttendeplassen i eit sterkt felt på 13 deltakarar. I veteranklassa Super-D kom Jon Låte og Randi Skeie på 3. plass med Sørfjordspingaren sin.
I lagspel kom Hardanger Spelemannslag på ein ualminneleg sterk fjerdeplass. Under minneverdig og inspirert musikalsk leiing av Frank Rolland gjorde laget ein særs solid innsats mellom dei 28 deltakande laga. I denne tevlinga la ein bak seg lagspelkjemper som Indre Sunnfjord, Gamlebanken, Lom, Østerdølenes osb. osb. Berre eitt hardingfelelag (Tema GløsTøs) slo Hardanger. Gudbrandsdølenes vann heile klassa.
Tusen takk til alle som på denne måten har representert laget på ein framifrå fin måte.
Neste år er Landskappleiken på Geilo og me håpar på minst like mange deltakarar frå Hardanger Spelemannslag og minst like flotte plasserigar!