Spelferd til Bø

I helga, 3. – 5. november var Hardanger spelemannslag inviterte til å halda konsert i samband med Bøkappleiken.

Hardanger spelemannslag i Bø[2]
Hardanger spelemannslag under konserten på Bø hotell. Foto: Knut Utler.

Møtet mellom folkemusikarar frå Hardanger og Telemark er ikkje nytt. ”Telemark og Hardanger e´ so close”, skal norsk-amerikanaren og spelemannen Anund Roheim ha sagt ein gong. For folkemusikk handlar også om kulturveksling, noko Hardanger spelemannslag har fått erfara på ei helg som denne.

Før i tida kunne spelemennene sykla eller gå i dagevis over fjellet for å verta inspirerte og læra av kvarandre. I dag har me andre transportmiddel, og på fredagen reiste laget med buss frå Granvin.  Laget hadde fått det ærefulle oppdraget å halda konsert på Bø hotell i samband med Bøkappleiken som vart arrangert denne helga. Her vart det hardingdans, -spel og song stødig fletta saman av konferansier Guttorm Rogdaberg. Så kjekt det er å få halda slike konsertar, og så ekstra kjekt det er når det kjem mykje folk og tilbakemeldingane er gode! Tusen takk!

Intervju med Ingeleiv K. Kvammen

På laurdagen var Ingeleiv Kjerland Kvammen i intervju med Torgeir Straand. Mellom anna var Ingeleiv med som ung kvinne då Hardanger spelemannslag vart skipa i 1948. Ho har med andre ord mykje å fortelja frå eit langt liv som spelkvinne. Eit utruleg interessant, godt og inspirerande intervju.

Etter felespel og intervju med Ingeleiv, var det tid for kappleik. Her vart Hardanger spelemannslag nummer 2 med 73 poeng i lagspelklassen og Alexander Aga Røynstrand kom på 3. Plass med 86 poeng i hardingfele klasse A. Jonas Laupsa fekk 2. plass i hardingfele klasse C med 65 poeng, Sondre S. Brattland fekk 49 poeng og ein tredjeplass og Martin Grasdal ein delt 4. plass med 48 poeng. Torkjell Lunde Børsheim fekk 1. plass og 95 poeng i halling klasse A, og ein 2. plass saman med Eirin Tjoflot i dans (springar) klasse B. Dei fekk 89 poeng. Amalie Kinsarvik Tvilde fekk 73 poeng i klassen andre instrument, junior. Med andre ord gode resultat for Hardanger spelemannslag.

Ein uhøgtidleg, men likevel ein god og inspirerande kappleik. Over 60 startnummer på kappleiken, – det er eit godt teikn! De i Bø er flinke til å skapa ein god atmosfære!

Tusen takk til dei laga og organisasjonane frå Hardanger som har gitt oss stønad. Takk Spelemannslaget Bøheringen, Bø ungdomslag, Bø juniorspelemannslag og Bø dansarring i samarbeid med Norsk hardingfelesenter for invitasjonen, samarbeidet og for at de er så rause, og takk til Bø hotell for at de er så gjestfrie! Bøkappleiken anbefalast på det varmaste!