Songkveldar med Kari Finne Sognnæs

No kan store og små vera med på heile 6 songkveldar i haust

Voss Spelemannslag og Hardanger Spelemannslag ynskjer velkomne til songkveldar i haust:

Likar du å syngje og ynskjer å læra fleire folkesongar? Då er songkveldar med Kari Finne Sognnæs noko for deg. Kari har utdanninga si mellom anna frå Ole Bull Akademiet og ho er utdanna musikk – og helsearbeidart. Ho er ein inspirerande og god pedagog. Dette er eit lågterskeltilbod så du treng ikkje kunna kveda i utgangspunktet. Det viktigaste er at du likar å syngje og har lyst til å læra meir!

Datoar og stad:

19/9 – Onsdag: Voss, Ole Bull Akademiet

4/10 – Torsdag: Granvin, Jaunsen

18/10- Torsdag: Voss, Ole Bull Akademiet

8/11 – Torsdag: Granvin, Jaunsen

21/11- Onsdag: Voss, Ole Bull Akademiet

6/12 – Torsdag: Granvin, Jaunsen

 

Tider: 

1800-1900: Born og unge frå 1.klasse til 12 år.

1900- 2000: Unge og vaksne over 12 år

Påmelding til: 

rannveig@olebull.no, tlf.nr. 47291012

 

Pris: Vaksne kr. 100 pr. gong.

Born og unge under 12 år, gratis

 

 

Kari Finne Sognnæs