Omframt årsmøte 19. september

Det vert omframt årsmøte i Hardanger spelemannslag 19. september der mellom anna diskusjonar om Landskappleikssøknad står på programet
Innkalling til omframt årsmøte
Styret i Hardanger Spelemannslag kallar med dette inn til omframt årsmøte.
Tid og stad: Onsdag 19. september klokka 18.30, heradshuset i Kinsarvik.

Sakslista

1) Hardanger Spelemannslag som tilskipar av Landskappleiken 2014? Styret vil gjerne ha eit årsmøtevedtak i ryggen dersom ein skal gå inn i søknadsprosess. Eidfjord kommune er positive til å husa eit slikt arrangement.