Master Class Hardanger

Hausten 2013 vert det arrangert Master Class på hardingfela. Deltakarane på Master Class Hardanger får tilbod om 10 individuelle enkelttimar med hovudlærar Knut Hamre, samt deltaking på to helgesamlingar med føredrag og workshops med eksterne lærarkrefter.

MasterClass Hardanger er for deg som spelar hardingfele og ynskjer å fordjupa deg meir i spelet og tradisjonen. I fyrste rekkje vert det tatt inn søkjarar frå Hordaland, men det vert opna for andre om det er ledige plassar.
Master Class Hardanger er ope for alle over 16 år. Både for dei som er ferdige/nærmar seg slutten i kulturskulen, og for vaksne som ynskjer påfyll og inspirasjon som utøvar.
Me ynskjer at Master Class-deltakarane skal ha eit nokolunde jamt nivå og ber difor om at du som søkjar sender 3 slåttar/lydspor saman med namn, alder og adressa til mail@hardanger.museum.no eller Hardanger folkemuseum, 5778 Utne, innan 1. juni 2013.