IMG_9129

Manns (og kvinne) sterke til Landskappleiken

Hardanger Spelemannslag stiller med lag i både junior og seniorklassen samt i lagdans på Landskappleiken på Fagernes i slutten av juli.

Hardanger Spelemannslag stiller med lag i både junior og seniorklassen samt i lagdans på Landskappleiken på Fagernes i slutten av juli. I tillegg vil mange av medlemane og delta som einskilddeltakarar både i spel, song og dans. Påmeldingsfristen til Landskappleiken går ut i kveld, men dersom nokon skulle ha lyst til å vera med å spela lagspel eller danse lagdans vil me gjera vårt beste for at dei skal få vera med sidan laga som sådan alt er påmelde. Danseform i lagdansen er springar, og målet vårt er at me skal syna "verda" dei variantane me har av springaren i Hardanger. Så - vil de vera med, så ta kontakt snarast.

For dei som enno ikkje har skaffa seg ein stad å bu under kappleiken og som er på Fjesboka er det vel verdt å sjekke ut  Fjesboksida for utleige av hus under kappleiken
Her vert det stadig vekk lagt ut tilbod om husrom til leige - både sentrumsnært og meir perifert.