Knut Hamre - Slåttar frå Granvin vann Folkelarmprisen i kategori Dokumentasjon

Knut Hamre - Slåttar frå Granvin vann Folkelarmprisen i kategori Dokumentasjon under Folkelarm i Oslo laurdag 16. november.

HCD7307-707x1024

Knut Hamre - Slåttar frå Granvin vann laurdag 16. november Folkelarmprisen i kategorien Dokumentasjon under Folkelarm i Oslo. 

Folkelarmprisjuryen 2019 bestod av Julie Alapnes Normann, Sigrid Berg, Karl Seglem, Asgaut Bakken og Andreas Fliflet og grunngjevinga var som følgjer:

"Vinneren i dokumentasjonsklassen har utgitt et fonogram som bærer preg av kunst, håndverk og kvalitet gjennom hele kjeden: fra idéunnfangelse til utøving, lydfesting, forfatterskap og formgiving. Vinner-utgivelsen er et stykke solid tradisjonsformidling og et kvalitetsprodukt fra A til Å".

I Slåttar frå Granvin syner Knut Hamre oss det rike mangfaldet i Granvinsspelet. Dette er ei praktverk av ei bok og ei samling på nittisju innspelte slåttar han har vigd heile sitt spelande liv til å fordjupa seg i og vidareforminfla. Den innbundne boka følgjer dei fire cd-platene og inneheld også essay og biografiar om dei einskilde slåttekjeldene på innspelinga, skrive av Benedicte Maurseth og dikt av Ruth Lillegraven. Benedicte Maurseth har også vore produsent. Plateselskap er Heilo/Grappa Musikkforlag AS. 

Hardanger Spelemannslag gratulerer og er veldig stolte av dei flinke medlemma våre!