Klare for Vestlandskappleiken?
5.-7.oktober er det klart for Vestlandskappleik på Osterøy, og veit du allereie no at du skal stilla så er det berre å melda seg på!
Kappleik er moro både for unge og gamle. Kjekt er det også at det er sjokoladekappleik for dei unge. Dette er skrive om sjokoladekappleik på heimesida til Vestlandskappleiken: "Sjokoladekappleik er eit uformelt arrangement der ungar som driv med dans, spel og
kveding kan delta. I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade og diplom. Dette er ei god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scena. Det viktigste er å ha det moro!" ( vestlandskappleiken.no)
Hardanger Juniorspelemannslag har planar om å stilla med lag, men til det treng me foreldre som kan stilla opp denne helga. Veit du at du vil vera med og spela, og at du har nokon som kan vera med deg til Osterøy er me glade for å høyra frå deg!
For å kunna delta må du vera medlem i Hardanger Spelemannslag ( FolkOrg). Du kan melda deg inn her på hardingfolk.no. Ved å vera medlem kan du også få refundert deltakaravgifta på kappleiken.
Meir informasjon om kappleiken finn du på vestlandskappleiken.no. Her finn du også informasjon om overnatting og anna som er kjekt å vita.
Skrevet av: Halldis Folkedal
1. september 2012