- Hardanger Spelemannslag
Harpa er som namnet seier, ei gruppe musikarar som trakterar harper, men og andre instrument. Dei kjem til Granvin, torsdag 30. mai, og voner å møte norske folkemusikarar og dansarar i Holvenstova til ein uformell kveld med musikk, dans og prat.
Beth Kolle er leiar for gruppa, og med seg på denne turneen i Noreg har ho mellom anna Sue Richards, Therese Honey, Jan Narkevicius, Kevin Holsinger, Debra Sawyer and RoJean Loucks. Styret i Hardanger Spelemannslag vonar at unge og eldre folkemusikarar og dansarar i Granvin og grannebygdene har tid og lyst til knyte kontaktar til dei "over there".