hsl roros

HardingFolk - ei kursrekkje innan folkemusikk og folkedans

Spelar du hardingfele, torader, dansar eller syng folkesongar? Då er du hjarteleg velkomen til HardingFolk. 

HardingFolk er ei kursrekkje i folkemusikk og folkedans frå Hardanger. Hardanger Spelemannslag står som arrangør av heile seks lokale kurs fram mot storkurset "Dans, spel og song - alt pao ei gong" i Granvin i mars 2021. Sjå datoar og stader nedanfor og meld dykk på eitt, fleire eller alle kursa. 

Aldersgrensa er frå 8 år og prisen er kr. 150 pr. person. 

Det vert også høve til å melda seg på MiniHarding for dei mellom 5-7 år. Her får ein oppleva og prøva seg i folkemusikk og folkedans. MiniHarding varar ein time midt på dagen og er heilt gratis.

  • Kinsarvik - 19. september
  • Ulvik - 10. oktober
  • Eidfjord - 5. desember
  • Kvam - 16. januar
  • Skare - 13. februar
  • Granvin - 20. mars (Dans, spel og song - alt pao ei gong)

Påmelding til:

  • roynstrand@hotmail.com eller +4790626084.

For meir informasjon:

Sjå meir på heimesida eller på facebook.com/hardingfolk.no