Folkedans utan kommunegrenser

Onsdag 22.juli kjem Sommarbåten til Ulvik og i samband med dette vert det høve til å sjå spreke dansarar frå Hardanger i lag med ein staut spelemann frå Voss.

Foto: Kjersti Johanne Nybø
Foto: Kjersti Johanne Nybø

I Sommaråpent vil de møte dansarane Halldor Eidnes Folkedal frå Granvin og Åsmund Øydvin frå Ulvik i ein sprek halling til spel frå spelemannen Steinar Rygg frå Voss. Innslaget er med andre ord eit flott eksempel på at folkemusikken og dansen lever på tvers av grenser - i dette tilfellet kommunegrenser. Så - skru over til NRK 1 klokka 21.30 onsdag kveld.