Ei helg med kurs i Bergen!

21.-23. september arrangerer FolkOrg ei stor kurshelg i Bergen, der ein også får mykje konsertmoro med på kjøpet.
På kursa kan ein læra meir om konsertarrangering, lokallagsdrift, dommarkurs og heimesidekurs. Det vert også kurs for utøvarar og for dei unge i laga ( her skal mellom anna Lajla Buer Storli og John Ole Morken ha kurs). På fredagskvelden er det konsertar og på laurdagen vert det dans i Gimle.

Meir informasjon kan du finna her: http://www.folkemusikk.no/helgen-i-bergen.257009.no.html

Melder du deg på innan 5. september kostar det berre 200 kr!