Ei helg med dans, spel og song i Granvin
Helga 17.-18 mars vart det årvisse kurset Dans, spel, song- alt pao ein gong arrangert på skulen i Granvin. I løpet av helga var 33 deltakarar fordelt på hardingfele, song, toradar og knøttedans innom.
Hardingfeletrio |
|
|
|
På ettermiddagen laurdagen var det i tillegg årsmøte i Hardanger spelemannslag med mange interessante diskusjonar. Prosjektleiar for forprosjektet om hardingfelesenteret, Tina Kjerland innleidde om arbeidet så langt. Årsmøtet valde Knut Hamre som representant i prosjektgruppa for senteret. Styrar Agnete Sivertsen ved Hardanger folkemuseum fortalde om arkivsatsinga ved museet og samtidsdokumentasjonsprosjektet som museet i lag med spelemannslaget står bak. Halldis Folkedal tok attval som leiar, medan Anne-Marie Øydvin takka ja til to nye år. Aurora Opheim Aarhus er ny i styret, og me ynskjer ho velkomen! Eirin Tjoflot gjekk ut av styret og me takkar ho for innsatsen! Dei øvrige styremedlemene var ikkje på val.
19. mars 2012