275050943_5515945095102130_8322569578288837881_n

Dans spel og song - alt pao ei gong

Det er atter ei gong duka for folkemusikkhelg i Granvin og Hardanger Spelemannslag steller i stand "Dans, spel og song - alt pao ei gong", eit kurs på Granvin barne- og ungdomsskule i folkemusikk og folkedans. På fredagen vert det konsert på Jaunsen med Svein Laingen Kjerland og Eivind Tanche-Larsen Knutsen, og på laurdagen vert det dans til GJEVRE/ODDE/VÅRDAL. Hardanger Spelemannslag vonar at dette vert ei særs triveleg helg med mykje folk og god stemning.

Det er mogeleg for alle å melde seg på kurs på laurdag frå kl. 9.30-16.00 i både dans for born, dans for vaksne, hardingfele, torader, trekkspel, song og MiniHarding. MiniHarding er kl. 12.30-13.30.
Kurs og instruktørar:
* Inge Gjevre - torader
* Mads Erik Odde - trekkspel/torader
* Vegar Vårdal - dans for vaksne
* Per Anders Buen Garnås - hardingfele for vaksne
* Lajla Renate Buer Storli - song
* Tone Ingvaldsen - dans for born
*...fleire hardingfeleinstruktørar kjem etter kvart.
 
Påmelding:
Send e-post med namn, alder, kor lenge du har spelt/dansa/sunge og kva kurs du ynskjer å melde deg på i til:
roynstrand@hotmail.com. For spørsmål kan ein ringe 906 26 084.
Overnatting:
For spørsmål om overnatting kan ein ringe 905 68 877.