- Hardanger Spelemannslag
Hardanger Spelemannslag inviterar med dette til kurs i Granvin laurdag 14.mars 2015. Me satsar på lokale krefter i spel, song og dans medan durspelfolket får vitjing av ein gjestelærar – Arve Bjørn Røneid. Arve Bjørn kjem frå Gaupne i Sogn og har ei lang merittliste både som musikar og komponist, med gull i solistklassen under NM i Steinkjer som førebels ”topp” på merittlista. I år vert det berre kurs på dagtid og ikkje dans om kvelden, slik me har hatt i dei siste åra, men me avsluttar som vanleg kursa med ein liten konsert for oss sjølve.
Kurs og lærarar:
Hardingfele: Johanna Mjeldheim og Arne Jordan med fleire
Toradar: Arve Bjørn Røneid og Anita Solheim Bråvoll
Song: Her jobbar me med å finne lærar J
Dans: Anne-Marie Øydvin
Kursa er retta mot dei som har spelt ei stund (mellom 10 – 99 år gamle) og varar frå klokka 10.00 - 17.00. Pris for kurs og lunsj kr 250
Vel møtt til kurslaurdag i Granvin