Bli med på kurs i dans, spel og song - alt pao ein gong!

Likar du å dansa, spela eller syngja? Då er dette kurset for deg!

Ta med deg fela, toradaren, danseskorna eller di fine røyst til Granvin 9. mars. Dette vert morro!

50978724_2469183023111701_6124395567620554752_n

Det er klart for det årlege kurset i dans, spel og song - alt pao ein gong. Staden er Granvin og 8. - 10. mars er datoen. Det er berre til å gleda seg! 

På fredagen er det folkemusikkveld på Jaunsen Gjestgjevarstad med konsertar. På laurdagen sparkar me i gang kurset. Dans, spel og song - alt pao ein gong, er eit kurs i folkemusikk og folkedans for både store og små. Alle som ynskjer kan delta. Du kan melda deg på kurs i hardingfele, toradar, trekkspel, song og dans. På kvelden vert det dans med Juttullaget, og på sundagen er det årsmøte i Hardanger Spelemanslag. Det vert med andre ord ei folkemusikalsk helg du ikkje kan gå glipp av! 

Program for helga:
Fredag 8.mars
19.30-22.30 - Folkemusikkveld på Jaunsen Gjestgjevarstad med konsertar

Laurdag 9.mars
10.00-17.00 - Kurs
20.00-02.00 - Jutullaget spelar til dans i Trudvang

Sundag 10. mars
Årsmøte i Hardanger Spelemannslag

Ein kan melda seg på i:
Hardingfele
Torader
Trekkspel
Song for vaksne
Song for born
Dans for vaksne
Dans for born

Instruktørar:
Synnøve Bjørset (hardingfele)
Per Anders Buen Garnås (hardingfele)
Geir Marius Thorud (trekkspel)
Inge Gjevre (toradar)
Kari Finne Sognnæs (song)
Magne Velure (dans)
Åsmund Øydvin (dans)

Skiljet mellom born og vaksne er 12 år. Om det er born under 12 år som ynskjer å delta på hardingfele, torader eller trekkspel, så ordnar me det. Berre send inn påmelding.

Påmelding:
I påmeldinga er det fint om de skriv namn, telefonnummer, alder og kva kurs de ynskjer å delta på. Det må vera minimum 5 påmeldte per kurs for at kursa skal gjennomførast. Påmeldingsfrist er 1. mars. Påmeldinga kan sendast til Johanna Mjeldheim: johanna.mjeldheim@gmail.com eller +47 905 68 877.

Prisar:
Kurs, vaksen 250,-
Kurs, born 100,-
Kurs og dans 400,-
Dans 200,-

Overnatting:
Har du sprøsmål om overnatting kan du ringja +47 905 68 877.