1 (5)

Anne-Marie Øydvin utnemnd som heidersmedlem i Hardanger Spelemannslag

På årsmøtet 10.mars vart Anne-Marie Øydvin utnemnd som heidersmedlem i Hardanger Spelemannslag for sin formidable dugnadsinnsats gjennom 40 år, og for hennar store arbeid innan opplæring for born og unge i regionen vår.

Her kan de lesa grunngjevinga for utnemninga:

Styret i Hardanger Spelemannslag vedtok på møte 17.september 2018 å utnemne Anne-Marie Øydvin som heidersmedlem i laget. Pr. i dag har me to heidersmedlemmer og det er Ingeleiv Kvammen og Knut Hamre.

Utnemninga kjem til å verta markert på årsmøtet til Hardanger Spelemannslag 10.mars. Me ynskjer å heidra ein formidabel dugnadsarbeidar som også har gjort eit særs viktig arbeid for opplæring av born og unge innan dans i regionen vår i 40 år.

Anne-Marie (født 01.07.59) kjem frå Bleikøya Oslo, men flytta til  Voss i 1979 og til Ulvik i 1980. Sidan den gong har ho vore aktiv på mange felt innan kulturarbeid og viktig i lokalmiljøet. Ho er utdanna lærar med fordjuping innan ulike kulturfag som kunst-og handverk, drama m.m. Ho tok leikleiar-kurs og barneleiarkurs gjennom NU så tidleg som i 1976 og i 1980, og danseutdanning i Trondheim i åra 2000-2003. I dag jobbar Anne-Marie som lærar på skulen i Ulvik og flettar all sin kunnskap om folkemusikk og folkedans inn i undervisninga der. Ho er også lærar saman med Alexander Aga Røynstrand for 20 born mellom 4-6 år som går i kulturskulen i Granvin og Ulvik på ”Nøringen”. Ho har også hjulpe hardingfela.no med å organisera sommarturnéar for unge utøvarar i satsinga ”Felefylgje”.

Anne-Marie Øydvin er ein framifrå dansar, og er mellom anna A-klassing i dans-hardingfele, og det i seg sjølv kunne ha vore nok til at me ynskte å utnemna ho som heidersmedlem i Hardanger Spelemannslag, men me ynskjer å framheva hennar utrulege dugnadsinnsats gjennom over 40 år, hennar arbeid med opplæring av born og unge, hennar innsats for å skapa arbeidsplassar for unge utøvarar og tilby fantastiske opplevingar for vitjande til regionen vår.

Dugnadsarbeid

Anne-Marie driv dugnadsarbeid innan mange felt. Ho er ei av dei få som alltid seier ”ja” og alltid stiller opp på større og mindre arrangement. Kompetansen ho har bygd seg opp gjennom mange år både i høve organisering av arrangement, undervisning  og sjølvsagt innan dans er veldig viktig for Hardanger Spelemannslag, men også andre lokallag og festivalarrangørar.

For å nemne noko:

Instruktør i Barnelaget i BLS 1976-1978

Barneleiar i Hardanger Ungdomslag 

Kasserar/leiar i Hardanger Spelemannslag i 20 år frå 1984 og bolkar utover.

Medlem av styret/leiar i Ulvik Ungdomslag (i periodar frå 1982 -2018)

Instruktør i dans og drama i Ulvik Ungdomslag (1982-1987 og  (1994-2011)

Leiar for Fylkesstemne for born i 1982 og 2000 (Ulvik)

Leiar i nemnda  for Vestlandskappleiken på Lofthus 1988

Leiar for Folkemusikkveka i Ulvik 1998-2009

Leiar for premienemnda Vestlandskappleiken i Granvin 2000

Leiar for Hordakappleiken 2002 (Ulvik)
Leiar for innkvarteringsnemnda Landskappleiken i Eidfjord (2004)
Leiar Pressekontor på Landskappleiken på Voss (2010)

Leiar festivalkontor og økonomi Landsfestivalen i gammaldansmusikk (2019)

Attåt til å vera ansvarleg for kjøkenet kvart år under Osafestivalen, stilla som dommar på både lokale kappleikar og Landskappleik (Geilo i 2007, Oppdal i 2008) m.m.

Danseopplæring av born og unge og arbeidsplassar til desse

Danseopplæringa i Ulvik skal Anne-Marie ha mykje av æra for. Ho overtok arbeidet med leikarring for dei yngste etter at tidlegare eldsjeler gav seg på 90-talet. Leikarringen vart eit populært aktivitetstilbod for mange born og unge etter skuletid ein dag i veka i mange år. 

Som ei forlenging av leikarringen såg ho at ungdomen trong ei ekstra utfordring, og bygda trong eit ekstra tilbod til dei mange turistane som vitja Ulvik. Ho sette i hop ei gruppe med ungdomar frå 11-16 år som alle hadde interesse for folkemusikken for å lage eit folkloreprogram til turistar. Sommaren 1996 var fyrste sommaren til Ulvik Folklore med ei fast framsyning i veka gjennom heile turistsesongen. 

Anne-Marie brukte gamle arkivopptak og lærte bort bygdedans som rudl og Ulvikaspringar til ungdomen, på den måten har ho vore svært delaktig til at me framleis held denne tradisjonen i hevd i Hardanger. I tillegg til bygdedans var det eit variert program med song, spel og mykje anna folkedans. Ulvik Folklore heldt det gåande med faste framsyningar i 15-20 år, og det har vore mange ungdomar innom denne aktiviteten gjennom desse åra. Ho har òg reist med ungdomane på ulike folkemusikkfestivalar i inn- og utland gjennom desse åra, og det er opplevingar som ungdomen har gode minne frå. 

Ulvik Folklore har ikkje faste framsyningar lenger, men dei siste åra har det vore mange oppdrag der ho alltid har klart å få med seg utøvarar frå Ulvik Folklore og områda kring til å bidra. 

Av utøvarar som har fått sommarjobb via Anne-Marie kan me nemne: 

Torkjell Lunde Børsheim, Annlaug Børsheim, Halldor E. Folkedal, Eli Børsheim, Alexander Aga Røynstrand, Marta Lindvik, Åshild Sorteberglien Ljones, Åsmund Øydvin m.fl.