- Hardanger Spelemannslag
Ulvik er kursstaden for det andre kurset i kursrekkja vår HardingFolk. Velkomne!
Kinsarvik er staden for det fyrste kurset i kursrekkja vår HardingFolk. Velkomne!
Spelar du hardingfele, torader, dansar eller syng folkesongar? Då er du hjarteleg velkomen til HardingFolk.
Hardanger Spelemannslag ser seg diverre nøydde til å avlysa alle arrangement i samband med Folkemusikkhelg i Granvin 13. - 15. mars.
15. mars vert det årsmøte i Hardanger Spelemannslag.
Det er duka for folkemusikkhelg i Granvin! Her er både konsertar, kurs og dans. Og Bygda Dansar har lagt si andre helgesamling til Granvin denne helga. Det vert med andre ord ei kjempekjekk helg! Velkomne alle saman.
Knut Hamre - Slåttar frå Granvin vann Folkelarmprisen i kategori Dokumentasjon under Folkelarm i Oslo laurdag 16. november.
Det er særs gledeleg å kunne fortelje at Magne Velure og Arne Jordan den 9. november vart utnemnde som heidersmedlemmer i Hardanger Spelemannslag. Dette føregjekk i Kinsarvik under dugnadsfesten etter Landsfestivalen 2019.
På årsmøtet 10.mars vart Anne-Marie Øydvin utnemnd som heidersmedlem i Hardanger Spelemannslag for sin formidable dugnadsinnsats gjennom 40 år, og for hennar store arbeid innan opplæring for born og unge i regionen vår.
Ta med deg fela, toradaren, danseskorna eller di fine røyst til Granvin 9. mars. Dette vert morro!