Hordamønstringa 11.mars 2017 i Granvin

Informasjon om kappleiken, påmelding, prisar og meir.

Trudvang

Tevlinga er lagt opp som ein ordinær kappleik med standard klasseinndeling og ein eigen uformell "Sjokoladekappleik" for rekruttane under 12 år.
På kvelden vert det spelt opp til dans ut til dei små timar. Liste over dansespel kjem seinare, me kan lova variert og flott musikk!   Det vert sal av mat og drikke heile dagen.  

Alt av tevlingar føregår i ungdomshuset Trudvang (sjå biletet). Det ligg like ved Fv7 i Granvin sentrum.
Stemnekontor og øvingsrom er på den gamle Yrkesskulen som ligg 100m frå ungdomshuset, ved busshaldeplassen på Eide.

PLAKAT VEDLAGT HER (trykk for å laste ned):

Program for dagen

10.00: Stemnekontoret opnar
11.00- 12.00: Sjokoladekappleik
12.00- ca.17.00: Kappleik
18.30- 01.30: Dans
Ca. 20.00: Premieutdeling


Prisar

Kappleik (publikum):            
Medlem: 100,-
Ikkje medlem:150,-
Born under 15 år: 75,-

Dansekveld:     
Medlem: 150,-
Ikkje medlem: 200,-
Born under 15 år: 100,-

Dagsbillett:         
Medlem: 200,-
Ikkje medlem: 300,-    
Born under 15 år: 150,-

Kappleik - Deltakaravgift per person (same avgift om ein har fleire startnummer/deltek i fleire klassar):
Junior:  100,-      
Senior: 200,- 
(inkl.inngang dansekveld)


Kappleik - Lagspel/Lagdans: 500,- per lag 


Påmelding til: ovelure@online.no
Påmeldings- og betalingsfrist er: 05.03.2017

Skriv namn, lag, klasse og mobilnummer. (Pardansarar skriv også type dans. I klassa Andre folkemusikkinstrument skriv du type instrument)
Betal inn deltakaravgift til kontonummer: 3450.37.71200
(Betalinga  merkjast med deltakarnamn og mobilnummer)


Klassane det skal tevlast i er:

-Sjokoladekappleik 
-Hardingfele klasse A, B, C og D
-Vokal klasse A,B,C og D
-Andre folkemusikkinstrument senior og junior
-Durspel senior og junior
-Gruppespel senior og junior
-Lagspel senior og junior
-Pardans klasse A,B,C og D
-Halling klasse A,B,C og D
(C-klasse for dei som ikkje har fylt 18 år og sjokoladekappleik for dei under 12 år)

Har du andre spørsmål kan du ta kontakt med kappleiksgeneral Sjur Kjerland på tlf.: 95 76 84 60 - e-post: skjerl@broadpark.no 

Med beste helsing, 
Hovudnemnda for Hordamønstringa 2017
Hardanger spelemannslag